Honning frå Fjordkystparken

Honning frå Fjordkystparken

Honning frå Lending Gard er eit resultat av geologien i Fjordkystparken.
Geologien bestemmer jordsmonnet, som påverkar kva slags plantar som trivst her, og slik påverkar kva blomar og plantar som biene våre samlar nektar frå. Samtidig er plantene sin nektar påverka av mineralinnhaldet i jordsmonnet.
Plantene her er med på å gi honningen spesifikk smak og karakter.

På same måte som vin er eit produkt av terroir – samspelet mellom jordsmonn, klima og menneskelege faktorar – er honning frå Lending Gard eit uttrykk for den spesifikke naturen og geologien i området vårt. Honningen fangar essensen av landskapet i Fjordkystparken, noko som gir honningen vår ein unik identitet.

Honning frå Lending Gard kan du kjøpe i gardsbutikken og i nettbutikken vår.  
Er du i Dale finn honningen vår på Dalsbua.

Lending Gard er stolt partner av Fjordkystparken.
Meir om Fjordkysten regional- og geopark på fjordkystparken.no

Tilbake til bloggen