Sensorisk beskriving av sommarhonning 2025
Share
I forbindelse med deltaking NM i Honning 2025 har vi fått ein sensorisk beskriving av sommarhonningen vår. Honningen er i kategorien fleirblomstra rørt honning, og vart høsta 20. juli.
Sommarhonningen er oker i farge med eit oransje skjær. Ein karaktersterk kompleks honning. Mild, men vedvarande duft mot lys sjokolade og fudge. Meir intens i smaken, særegen og aromatisk, vegetabilsk og samtidig eit floralt preg. Lett karamell i sødme, med eit spennande chillisting i avslutninga. Små korn gir ein frisk og kjølnande munnfølelse.
https://lendinggard.no/collections/honning